grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

02 januar 2017

Nyttårsandakt Ersdaltun 31.12.2016



Tankane våre er spredde nå, med god mat og gode venner, med spøk og alvor. Skal me så forsøke å samle dei litt? Me er ferdige med eit år etter vår måte å telle årene på, ein ny dag og eit nytt år ligg framfor oss. Det er klart at tankene går tilbake på hendingar i året som har gått. Av og til blir det eit virrvar av inntrykk og minner – det vil gjenspeila seg i denne andakten, slik at det nærmast vert eit kåseri. Men ønsket mitt er at dette likevel kunne bli til oppbyggelse for deg.
   Me har ein bordkalender heime, der står det på 31.des: «Nytt år! Nye muligheter. Gå oppreist videre. Det er eit privilegium å få begynne forfra.» Er det alt? At du kan få legge av noen uvaner og starte opp med gode vaner og forsetter og forbedring 1.januar? At du er gartneren som ber Herren spare treet eitt år til slik at det kan bera frukt neste år?
   Eg vil fokusera på noe anna, nemlig at me nett har feira jul. Og då tenkjer eg ikkje på julekort med jesusbarnet, og glitter og stas og fine gaver. Nei, nå vil me heller understreke julebudskapet om at Gud har sendt oss sin gave, han har tatt seg av vår sak.
   Ei fortelling skal eg ta med. Det var den kjente svenske forfatteren Per Lagerkvist som sa det slik til maleren Jakob Weidemann i ein samtale i Roma, der dei var sammen: «Eg skul,le gjerne ha sett ansiktet på mannen og møtt han som skreiv denne forteljinga om Jesu fødsel. Det er det tettaste, det knappeste og det vakreste som noen gong er skrive.» Og så la han til: «Tenk om det er sant!» - Men det er jo nettopp det det er! Lukas var ikkje bare lege, men også historiker, han hadde granska alle kjeldene til denne hendinga han forteller om. Hørt på vitnene, både Jesu mor og andre. «Det skjedde slik», i den latinske bibelen heioter det «Factum est». - Det eg gjorde galt, det eg ikkje fekk gjort sjølv om eg visste at Gud ville ha meg til det, det gjorde Gud sjølv i Jesus. Me kunne ikkje nå opp til Gud, så kom han sjølv ned til oss!
   Ein utlending sa det slik: «Det er merkelig med julefeiringen i Norge. Den starter i det små eit par måneder før, juleting kjem i butikkhyllene og glitter viser seg, heile adventstida bygger seg opp mot julefeiringa. Og så, plutselig, er julen over, romjula blir brukt til andre ting.»
   Er julen over? Ja rammen er borte, men ikkje bildet. Kva med budskapet? Det er i alle fall ikkje over. Me skal bygge videre og gjere våre gjerninger fortsatt, i full visshet om at julebudskapet har fortsatt gyldighet i våre dagsverk, om dei er store eller små. Simeon i templet sa det slik: «Herre, nå lar du din tenar fare herfra i fred, slik du har lova, for mine augo har sett din frelse som du har gjort i stand, eit lys til åpenbaring for hedningene, og ditt folk Israel til ære ...»
   Avisen har sine dødsannonser. Ein av desse kom ikkje med i siste Agder, det var misjonær Jon Jøssang som døde fredags formiddag, 90 år blei han. Boka hans heiter "En stund på jorden". Me veit ikkje om me går inn i vår siste stund, vårt siste år, eller siste dag. Men eitt veit me: Vår sak er i orden med Gud, han har sjølv gjort det som var umulig for oss, ved å komme her som vår syndebærer, stedfortreder og sonoffer. Dette gjelder også i året som litt framføre oss!