grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

22 mai 2018

"Livet må forståes baklengs, men det må leves forlengs."


Dette sitatet har me frå Søren Kierkegaard, og da må det vel vere kloke ord for oss som av og til tenkjer på det som hender i livet vårt. Sjølv er eg nok mest opptatt av den næraste dagen og veka, den har vore spesiell solrik og full av opplevelser. Det er nå gått tre veker siden eg fekk ta av meg gipset, etter seks veker i rullestol med ankelbrudd. Eg øver meg  dagleg med å gå uten å halte. Det er ingen sjølsagt ting at kroppen fungerer som den skal når alderdommen gjer sitt inntog, men sjekken hos fastlegen sist mandag åpenbarte ingen spesielle problemer. Eg var også innom biblioteket, men dei to bøkene eg var interessert i kunne ikkje skaffes ennå fordi dei var så nye. Bøkene handla om skapelsen og trua, nå har eg bestilt dei direkte frå forlaget. Det gjer eg svært sjeldent fordi eg synest bokprisene er altfor høge. Men eg arbeider for tida med ei populær forståing av urhistorien, frå Adam til Noah, og trenger å sjå den gamle soga frå fleire sider.
  Den samme mandagen hadde me "kalendermøte", godt forberedt av Sven med oversikt over møtene på Bedehuset i januar-september 2019 både for NLM, ImF og NMS. Og om kvelden var det foreningsmøte, både for mennene med gjennomgang av bibeltekster på Bedehuset, og for damene
med mat og prat hos Nelly.
  Fridager står i kø i mai. Den 17. feira me på tradisjonelt vis, og i strålande vêr: Frå bedehustrappa hadde me utsikt over det jublande toget, før me samla oss i parken ved banken. Så bar det til gudsteneste i kirka og videre til middag på Englekafeen, deretter til tale, sang og kaffekaker på Frelsesarmeen. Mange innflyttarar hadde også møtt opp der, og siden fastemåneden Ramadan nettopp hadde begynt, fekk fleire av dei med seg kakestykker dei kunne ete seint om kvelden heime. For oss bar det rett heim til ei naudsynt middagskvild før nasjonalfesten på Bedehuset om kvelden. Kjell Erfjord hadde ein god tale om flagget og fargene, Sven leda, Gordon hadde opplesing, og den tradisjonelle  maten smakte godt: brød og pølse, kaffe og iskake.
  Fredag 18.mai vart også ein stor dag: Frå Lye kom mine barnebarn Kamilla, Joakim og Renate, og frå Grimstad bibelskole kom Tomas med kjærasten Amalie. Det vart bytur, prat, pinnakjøtt, jordbær og deilig eplekake. Me satte stor pris på besøket, og trur ungdommene tykte det samme. Foreldra deira, Geir Tore og Margunn, kjem heim frå Kenya på eit trevekers opphald seinare i sommer. Og alle skal til GF2018, 3-7.juli, og gjerne ein tur til Salmeli.
  Lørdag 19.mai var det praktfulle prinsebryllupet i London, med Harry og Meghan. Storslått. Fantastisk. Om kvelden kjørte me opp til Gyland bedehus der den tradisjonelle Haydom-basaren vart avvikla for 43.gang, med ei inntekt på 50.000 til støtte for det kjente sjukehuset i Tanzania. Bjørg hadde jo vore helsemisjonær der i ei årrekke - i februar i år var det 50 år siden ho reiste ut første gongen! Elmar leda basaren som vanleg, maten smakte svært godt - som vanleg, og folk hadde gitt gevinster og kjøpte villig lodd. Fra Svein Sturla kom 25 bløtkaker, fine gevinster som me vant ei av. Me fekk også med oss to middagsbilletter til Eiken hotell, og ein stor lekebil som går videre som gevinst på julemessa vår her i byen. Magne Vatland hadde andakt om pinse og Ånden, som kom som eld med lys, varme og rensing. Ånden ville inn i hjarta vårt, men fant det ofte fylt av andre ting - som ein garasje så full av utstyr at det ikkje var rom for bilen.
  Samme dag døydde Kåre Nuland (89), ein fjern slektning av Bjørg. Eg hadde besøkt han på Tjørsvågheimen 9 dager tidligere, kreften hadde spredd seg til skjelettet og me forstod alle at han ikkje hadde lang tid igjen. Det er godt å ha si sak i orden med Gud - i tide.
  Desse dagboksidene vert etter kvart fulle av inntrykk. Søndag var det pinsedag. Me var i Metodistkirken og høyrde pastor Jan Robert Madsen snakke om Guds Ånds virke som redskap i våre liv, ei veldig god preik som fekk meg til å lengte etter meir inderlighet og åndsfylde i livet mitt.
  Me skulle ta oss ein spasertur i 5-tida om ettermiddagen i det fine vêret, og fant på å gå innom kurderfamilien Baqi for å sjå til Muhammed som hadde forstua foten. Han brydde seg lite om fasten, gudstrua hans gjekk helst ut på å leve slik at han følte det godt. Men kona Avin kunne ikkje ete noe før etter klokka seks i alle fall. Ho satte i gang med å lage smakfull middag, som me sjølsagt måtte vere med på: suppe, ris, salat og kyllingvenger. Kjekt å prate med dei på norsk, dei går på språkskole og har vore hos oss fleire ganger. Gutten deira, Rahand, fem år, kaller oss bestefar og bestemor.
  Andre pinsedag var det formiddagsmøte på Bedehuset, der Ingunn Holm (ImF) talte både godt og lenge. Reidun leda oss greit gjennom ritualet og Olaf var pianist og sanger: "Jeg kan ikke ... Men jeg kjenner en som kan, han heter Jesus Krist." Om ettermiddagen hadde me bedt Sigrid, Edith og Reidar til kaffe og prat. Det var også kjekt å få vise dei leiligheten som me flytta inn i 1.juni 2017 - etter 10 år på Søyland. Liljekonvallene hadde Bjørg plukka oppe i lia. Minner frå gammel tid dukker stadig opp, og ny tid kommer.