grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

03 april 2018

Sykepleieren min



Det er andre påskedag, eg talte på formiddagsmøtet på Bedehuset. Då eg hadde flyttet meg frå rullestolen og over til den høge krakken bak talerstolen, og fått ønska den 20-tallrike forsamlinga velkommen til avslutninga av påsken, nevnte eg kor takksam eg var fordi kona mi hadde erfaring med å skyve rullestol: "Det er ho som har rulla meg på plass her i dag!"
  Eg har nå sitte to veker med gipsa fot etter ankelbruddet, og har fire veker igjen. Dei første dagene etter at Bjørg hadde fått lånt rullestol til meg, brukte eg armane flittig og rulla hit og dit i leiligheten vår. Så sa musklene i skuldra stopp, dei vart ømme og verkte mykje. Bjørg måtte overta flyttinga av meg. Legen som på langfredag konstaterte at ankelen grodde som den skulle, sa frå at armane mine måtte kvile litt iblant frå dei uvanlige bevegelsene. Det hjalp, men så fekk Bjørg det enda meir travelt. Ho merka at ho måtte ta seg av mange av mine jobber i huset: henge nyvaska klær til tørk på loftet, vaske opp kopper og bestikk og sette i maskinen, gå ned i kjelleren og tømme søppelposene, støvsuge teppene i stua, og hente ting omkring når ho har bruk for det.
Så har me vore velsigna med påskegjester. Noen kom omkring palmesøndag då det 3. oldebarnet mitt, Johanna Elise vart døypt i Kvinesdal bedehus (bildet viser mitt 2. oldebarn Johannes på oldefaren fang). Andre venner gledde oss med sine besøk. Sykepleieren min er flink husmor, ho har øvd seg i mange år. Nå var det bare så umulig for meg å vera til hjelp. Bjørg bryr seg med alle detaljer, vil vite korleis ting fungerer, og ho er raus med sine tenester og gaver. Den 21.april vil ho ha vore mi elskede kone i 11 år. Me takker Gud dagleg for at me får vera sammen om dei oppgavene som kommer i vår veg.

2 Comments:

  • Skriv gjerne ein kommenter, ei meining, eit glimt, til blogginnlegga mine, om det passer slik.

    By Anonymous Anonym, at 06 april, 2018 16:50  

  • Det er godt for oss som har det å ha ein sjukepleiar i nærleiken! Me har jo Martha ikkje så langt unna, så har eg tatt basic førstehjelps-kurs, og prøver å lære det eg kan frå Martha og mamma om det fagfeltet på slike områder!

    Kjekt å sjå at Bjørg som husmor blir verdsatt. :) Slike oppgåver merker mange kanskje best om dei ikkje blir tatt..? Her har eg jobba mykje med husarbeid i dag før Jarl sitt selskap var. I morgon blir det godt med ein kviledag.

    God helg!

    By Anonymous Benedicte, at 07 april, 2018 21:03  

Legg inn en kommentar

<< Home