grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

07 februar 2018

Godt møte med helsevesenet og Rikshospitalet 31/1-1/2 2018


Det ser ut til at alderdommen krever sitt, "dei vonde dagene", som Bibelens Forkynnerbok 12:1-7 taler om, kommer i si tid. Ein kreftsvulst på eine øyelokket greidde ikkje øyelegene i Kristiansand å ordne opp med, så eg vart sendt til Rikshospitalets øyeavdeling Ullevål. Bjørg og eg reiste med tog og drosje til Ullevål pasienthotell, der det var bestilt rom for oss. Onsdags morgen kl 07.30 var eg på plass i hus nr 36, nydusja og uten frokost, fekk etter kvart snakka med kirurgen og bytta til sykehustøy og ført til narkose i operasjonsrommet. Eg la merke til at rommet hadde svært mange sykepleiarar og instrumenter, før det sviande stikksåret i armen sendte meg inn i drømmeløst søvn. Eg vakna med ein stor bandasje og mange sting,  med sykepleier som ville vite korleis eg hadde det, og med Bjørg som dei hadde ringt etter. Nå kunne eg få meg eit par brødskiver og Bjørg fekk ein prat med kirurgen om behandlinga og prognoser. Ullevål sykehus er som ein liten by, massevis av store bygg, b.a. 9 barnehager - der eit av mine barnebarn arbeider i den eine. Eit nettverk av is- og snødekte gater bind husa sammen . Ein sykehustaxi kjørte oss frå dagkirurgien tilbake til hotellet, og skulle hente oss torsdag for å ta oss med til helsebussen som ville kjøre oss heimover. Alt fungerte som det skulle, hotellet hadde frokosten  klar, me måtte bare betale for lunchen fordi bussen gjekk ikkje før kl 14.05. Den praktiske helsebussen henta folk frå bl.a. Arendal sykehus og skulle kjøre til Kristiansand sykehus. Men korleis skulle me komme oss videre då? Ingen problem! Då me nærma oss sykehuset kom det melding på mobilen min om at drosje skulle komme dit samtidig med bussen, og ta oss med til Flekkefjord. Og den gjorde det! Gratis! Kl. 21 var me heime att torsdag kveld. Fantastisk fint helsevesenopplegg!
  Nå måtte eg ta det med ro nokre dager. Bjørg hjalp meg av med det store bandasjen søndag, og åpenbarte eit auga inneklemt og omkransa av røde og såre hevelser og masse sting. Desse skal legen her fjerna på mandag om ei veke. Etter 3-4 veker skal så øyelegen i Kristiansand fjerna den nøytrale linsa som er lagt over øyet for å skåne hornhinna. Etter ei tid vil det så vise seg om kirurgen har fått fjerna alt av ein vond talgkjertel karsinom. Mange har bedt for meg, eller vist omtanke på annen måte, i desse dagene. For Bjørg har det blitt mykje ekstra stell av øyet mitt - det er godt for meg å ha privat sykepleier døgnet rundt! (Foto viser meg då eg leda Årsmøtet vårt på bedehuset 6.feb, fotograf Ove Sandvik)