grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

19 oktober 2017

Tomme graver – ein levende Frelser

For eit par veker siden stod eg ved to tomme graver i Jerusalem. Inntrykka derifrå ønsker eg å formidle til dere nå. Historien er denne: Det hadde vore grufull forfølgelse av dei kristne i Romerriket gong på gong. Men endelig på 300-talet stilna det. Konstantin den store vart keisar, og i eit syn hadde han sett korsmerket og hørt ein stemme som sa: «Ved dette tegn skal du seire.» Han vart ein kristen. Mora Helene var også ein kristen og vart svært interessert i det som hadde med Jesu liv og historie å gjere, ikkje minst Jerusalem. Så bestemte Konstantin seg for å finne Jesu tomme grav og bygge eit minnesmerke der, ei kyrkje. Men kvar var grava? Byen låg jo i ruiner etter romernes herjinger frå år 70. Men tradisjonen kunne likevel fortelja om ei gravhole, og ein stad der Jesu kors hadde stått, og der bygde han ei kyrkje i år 335. Denne vart utvida igjen og igjen ned gjennom hundreåra, så i dag er har fleire kyrkjesamfunn sine egne tilbygg omkring denne, til og med den ortodokse kyrkja i Etiopia har fått eit rom oppå det flate taket. Men ingenting i desse byggverka får oss til å tenkje på Jesu grav i dag, sjøl om det sannsynlig er den rette staden for den opprinnelige grava.
Men så for 150 år siden, 1867, var den kristne britiske generalen Charles Gordon på besøk i Jerusalem, og tilfeldigvis fekk sjå ein høgde i nærheten av vertshuset, den likna ein hodeskalle (Golgata, Joh 19:17), og nedenfor var det ei grav utgraven i det lause fjellet. Dette minna han sterkt om beskrivelsen av Jesu grav slik me finner det i Joh.19:41: «Der Jerus var blitt korsfestet, var det ein hage, og i hagen ei ny grav som enda ingen var blitt lagt i – der la dei Jesus.» Ein kristen organisasjon kjøpte seinare opp denne hagen og opna den for kristne pilegrimer, den fekk då navnet «Gordons Golgata» eller «The Garden Tomb», gravhagen. Om ikkje dette var rette staden, så er den i alle fall lik den opprinnelige, og får oss til å tenkje på Jesu oppstandelse.
Eg var bedt av turlederen vår om å ha andakt der, og det hadde eg. Me starta med å lese dei kjente orda frå Joh 20 om Maria Magdalena som kom til grava «tidlig om morgenen den første dag i uken, mens det enda er mørsk». Ho var ikkje aleine, 3-4 andre kvinner er nevnt. Så kom Johannes og Peter småspringande til grava, som dei fant tom. Denne søndagsmorgenen er beskrevet av alle fire evangelistene på forskjellig måte, som ventande var etter denne voldsomme og dramatiske hendelsen. Var det to engler der, eller bare ein? Det betydde ingen ting. Grava var jo tom! Budskapet var at Jesus hadde stått opp! Han synte seg for både disiplane og for dei kvinnene som var med dei. Det var så vidunderlig og utrulig at dei visste korkje ut eller inn.
Kvifor får me høyre så mykje om at Jesus synte seg? Jo, fordi det bekrefta at det var sant det han hadde sagt om at han skulle stå opp igjen etter tre dager. Han gjorde det, og dermed også bekrefta at han var Guds Sønn, vår frelser. Paulus understreker dette i 1.Kor 15 «Men er ikke Kristus stått opp, da er vårt budskap tomt, og deres tro er tom. Da er deres tro uten mening og dere er fremdeles i deres synder, fortapt.» (v.14-17) Men så fortsetter han i v. 20: «Men nå er jo Kristus stått opp fra dei døde» og i v.5-8: « ... og han viste seg for Kefas, og deretter for dei tolv, og så for meir enn fem hundre på ein gang ... deretter viste han seg for Jakob, og for alle apostlene, og til sist viste han seg for meg... « Det er dette vår tru er grunnlagt på, «Jesus Kristus, vår Herre, stadfestet som Guds veldige Sønn ved oppstandelsen fra de døde» (Rom 1:4).
Så er det ikkje den tomme grava som betyr noe, det er lett nok å fjerne eit lik frå ei grav, Paulus henviser ikkje til den i det heile tatt, heller ikkje dei andre disiplene. Men dei henviser til den oppstandne Frelseren.
Ei side til vil eg understreka i samband med at Jesus stod opp. Kva tid fekk dei sjå han? Maria, då ho stod gråtande der på gravplassen. Johannes og Peter då dei i stor tvil kom til grava. Kvinnene som sørga over den døde fekk møte engler som sa at han levde. Emmaus-vandrerne som hadde snudd Jerusalem ryggen, og vandra i fortvilelse bort frå denne byen, dei møtte Jesus. Disiplane som hadde låst seg inne på rommet i frykt og oppgitthet, «da kom Jesus» og gav dei sin fredshelsing. Og den tvilande Tomas, midt i sin tvil, møtte Jesus. Kva forteller dette deg? At du skal få møte Han midt i din gråt og hjelpeløshet, i din frykt og tvil og oppgitthet, tynget av synd og sorg og sjukdom og vansker. Du skal få kjenne sannheten i det Gudsordet som alltid har lydt frå vår Bibel: «Kall på meg på nødens dag, så vil eg utfri deg, og du skal prise meg!» (Salme 50:15)