Gudsordet og parkinsons sykdom
Eg skulle ha ein kort andakt over teksta for komande søndag, Heb 13:1-3 "Hald søskenkjærleiken levende. Glem ikke å være gjestfrie. Husk på dem som sitter i fengsel ..." Å vise kjærleik og gjestfrihet til dei andre i foreninga og forsamlinga vår, var noe me alle forstod og prøvde å praktisere så godt me kunne. Men eg kjente ingen fanger i byen, kva kunne så dette ordet bety for meg? Men det var jo noen som ikkje kunne komme på møtene likevel, ikkje fordi dei var satt fast i fengsel, men fordi sykdom og alderdom hindra dei. Og så vart eg minna om Mary på 92 år. Det var lenge siden eg hadde vore i kontakt med henne, ho var skrøpelig på grunn av parkinsons sykdom. Eg fekk kontakt gjennom telefonen med det samme, og lurte på korleis det var med sykdommen, om eg kunne komme og henta henne til eit møte. Ho vart svært glad og takksam fordi eg hadde ringt, var glad for at denne sykdommen hadde komme over henne i høg alder og at ho kunne få bruke hodet og hendene enda, sjøl om kroppen ellers var vond. Og så fortsatte ho: "Men: Snart er vi hjemme og står for tronen, hva gjør det da om solen har oss brent? Når hytten faller, så får vi kronen, og all vår trengsel er for alltid endt." - Det gjorde meg svært godt at Gudsordet fekk minne meg om henne, og at eg fekk ta hennes helsing med tilbake til dei andre medlemmene i foreningene våre.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home