grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

30 juli 2017

På tur med Bjarne 28-29.juli 2017

Det hender at Bjarne lar sykkelen stå og drar på tur uten den. Fredag 28/7 var ein slik dag. Då tok han Unn-Iren og Vibeke med på den svært strevsamme turen til Trolltunga, med teltovernatting oppe i fjellheimen og med fine bilder frå den spektakulære og fryktinngytande Trolltunga med skoddeskyer omkring og 700 m ned til vatnet under. Fantastisk syn!
Lørdag - på Olsokdagen - kjørte han til Tonstad og plukka opp meg der slik at me kunne ta ein tur til Salmeli, etter ein kopp kaffe på Tonstad Bakeri. Været var ikkje heilt bra, og i Salmeli var det bare noen biler som tilhørte hyttefolk, men ingen folk å sjå. Me rusla litt omkring, og var innom "gjestestova" i uthuset der oppe for å eta nistematen. Men ingen hadde sett etter denne stova i det siste, fugleskitt låg over alt.
Men om ikkje me traff andre, så traff me i alle fall kvarandre. Me brukte tida sammen til å prate om unge og eldre i slekta, var særlig opptatt av korleis det går med dei 16 barnebarna mine som er spredde omkring. Me fekk også med oss dei gamle som har gått foran oss både her i Salmeli og andre stader, og korleis Vårherre holdt si hand over dei både i gode og vonde dager. Han er den samme for oss også i dag, og det er me takksamme for. Eg er svært takksam for denne turen til Salmeli. Det hadde nå gått to år siden eg var der sist, og eg føler at alderen min gjer det ekstra nødvendig med ein ledsager når stien er steinet og glatt i regnvær. Takk til Bjarne for fine bilder frå begge turene.