grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

03 juli 2017

1842

Bjørg hadde med seg ein trebolle frå Nedland, 27 cm i diameter, fint malt, med denne inskripsjonen:
Naar Gud Dig gleder med Gavene sine, Bedrøv Ham da ei med Synderne dine. TPSR 1842
Me veit ikkje kven som laga denne bollen og malte på den bibelske formaningen, men årstallet 1842 gir oss noen tanker.  Det året vart nemlig konventikkelplakaten oppheva i Norge, da fekk kristne grupper lov til å ha møte omkring i husene uten at øvrighetspersoner, prestene, var til stades. Samme år vart Misjonsselskapet etablert, dei har jo nettopp hatt generalforsamling i Stavanger og samstundes feira sitt 175-års jubileum.
   I år kan også Flekkefjord feire sitt 175-års jubileum som by, men tgettstedet har ei lang historie som havneby (med seilskute i byvåpenet) og handel med Holland som kjøpte både steinmasser og tømmer frå området. I sin tid var byen endestasjonen for Jærbanen, men nå må me ta buss til Sira stasjon for å komme med på sørlandsbanen. Byen har vel 6000 innbyggere, og er ein del av Flekkefjord kommune med vel 9000. Byen har nettopp fått nytt og fint kulturhus, Spira, og om eit år vert den nye bybrua ferdig. Den fjordarmen som deler byen i to, kallest Elva. Ein oversiktelig og trivelig sørlandsby!  1842 - eit viktig årstall-