grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

15 desember 2017

Frå ein samtale om å forstå Bibelen når den taler om kvinner i menighet og om menneskenes urhistorie.

 På ein fin vinterdag i adventstida fekk eg besøk av ein god venn og medarbeider frå vårt felles bedehus. Han kom med ein bukett tulipaner og eg diska opp med eplekake og kaffe. Vi vart sitjande i samtale i to og ein halv time. Han hadde vansker med noe av vår praktiske tilrettelegging av vår felles tru. Det gjaldt "tenestedelinga" som vert praktisert av NLM og ImF, og bokstavelig tolking av bibelfortellinger som ikkje kan foreinast med naturkunnskapen vi har i dag.
  Ei sak er vi samde om: Full tillit til Bibelen som Guds Ord, det skal ikkje bortforklarast eller omtolkast. Samtalen vår gjaldt den praktiske forståelse av Ordet i dag.
  Vi har laga ordet "tenestedeling" for å tilpasse oss det Paulus skriv om at "ei kvinne skal ikkje undervise eller bestemme over mannen"(1. Tim 2:14) og "ho skal tie og ikkje tale når menigheten samlest" (1.Kor 14:34). Dette vert forstått slik i NLM og ImF, og også i andre organisasjoner og kyrkjer, at ei kvinne skal ikkje ha noen eldstefunksjon, eller vera forsamlingsleder eller forsamlingslærer. Desse oppgavene er også alltid tillagt menn i dei apostoliske menighetene. Forøvrig kan ei kvinne forkynne og vitne og drive anna virke i forsamlinga, slik også Det nye testamentet beskriver.
  I samtalen vår vart vi stort sett einige om at å drive med sjelesorg og diakonalt arbeid var ei sak for både menn og kvinner i forsamlinga, men å definere lærestykker og administrere sakramentene, var mannens oppgave dersom han var valgt til det av forsamlinga. I samband med etablering av ei bedehusforsamling er det bibelsk og naturleg at denne får eit styre av både menn og kvinner, og eit eldsteråd.

Korleis skal vi forstå fortellingene i menneskenes urhistorie (Gen 1-8) om skapelsen og dei første menneskene i lys av vår kunnskap i dag om naturhistorie og menneskenes utvikling? Dette er ei sak som eg satte pris på å samtale om, og som eg har grunna mykje på sjøl. Vi var samde om at å halde fram bibelfortellinganes bokstavelige ordlyd, og ein skapelse på 6 dager for 6-7000 år siden, ville ikkje vere rett i forhold til vår kunnskap i dag, og overfor dagens skoleelever.
  Urhistorien er blitt gjenfortalt frå generasjon til generasjon og til sist skreve ned med det ordforråd og bildebruk som dei gamle hebreerne hadde å uttrykke seg med. Gud sjøl brukte det språket dei forsto, naturligvis, og det samme gjorde Jesus nokre tusenår seinare. Også vi bruker vårt dagligdagse bildespråk når vi seier at "sola gjekk ned", "himmelen er blå og skyfri", og "det er nymåne i kveld". Vi veit at det har vore ei utvikling i naturlivet, også urhistorien taler om det med sine bilder om ei skaperveke der alt levande og synleg er inkludert. Det vert understreka at det var Herren som stod bak det heile, uten å utbrodere alle detaljene om korleis han gjorde det. Vi seier med rette at kvart menneske - på samme måte som alle andre livsformer - er ein del av Guds skaperverk, men vi veit også at vi er eit resultat av våre forfedres samleier. Dei menneskeliknande skapninger som vandra omkring for 10000 år siden, har vi bare funne beinrester og grottemalerier etter. Men vi trur at på ein bestemt dag såg Skaperen at ein skapning hadde utvikla seg slik at han kunne ta kontakt med denne på eit språk skapningen forstod. Denne skapningen kalte han "Adam", som betyr menneske på hebraisk. All skapning som Gud har skapt, er komme frå jord og blir til jord att. Men bare mennesket av alle  Guds skapninger er seg bevisst at han blir til støv når han døyr, og bevisst om at han har kontakt med ein Herre - kva han enn måtte kalle han i dei ulike religionene omkring i verden - som er både hans dommer og hans frelser.