Marekatt, redskap og medarbeidere
I Hawassa i Sør-Etiopia var me ofte plaga av marekatter, små tjuvaktige apekatter som reiv klesplagg av tørkestativet vårt og stappa i munnen alt dei fann av brød og matrester når dei lurte seg opp på verandaen vår. Dei var svært modige og det nyttet lite å forsøke å jage dei bort. Hendene deira så ut til å vera like gode griperedskaper som våre. Men det var ein ting eg aldri så dei gjorde, dei brukte ikkje redskap. Sjøl oldebarna mine lærer fort kva ei skei skal brukast til, så kjem gaffel og andre redskap etter kvart. Snekkeren kjem aldri tomhendt til byggverket sitt, Skoleeleven lærer å bruke blyant og passer og mange slags duppeditter etter kvart. (Dette er frå min andakt på aldersheimen og sykeheimen i Flekkefjord 27/9/2018)
Men redskap er ikkje alltid nok, skal eit byggverk reisast treng snekkeren hjelp av og samarbeid med rørlegger og murmester og elektriker. Sjøl ein flink elev treng ofte mor og far som medarbeidarar.
Slik også i Guds rike. Me bygger eit Guds rike av frelste syndarar her på jord, som menighet eller forsamling, i kirke og bedehus. Denne forsamlingen er ofte blitt sammenlikna med ein åkerflekk, der noen planter og ein annen vanner og så gir Gud vekst (1.Kor 3:5-9). Men før bonden sår ut såkornet, må jordflekken bearbeidast, steiner og røtter fjernast, ugraset rivast opp.
I samband med dette arbeidet, der menighetsplanting ofte er sammenlikna med ein åkerflekk eller ei byggetomt, så trengst det mange slags medarbeidarar. Paulus avslutter brevet sitt til Kolossæ med å nevne mange slike, Tykikos, Onesimos,Aristarkos, Epafras, Demas og Arkippos. Når me skal ha eit møte på bedehuset trenger me ikke bare ein leder og ein taler, men også kjøkkenhjelp, pianist, og gjerne sangkrefter. Er du med og bygger Guds menighet i eit eller anna Guds hus her i byen? Nei, du meiner kan hende at du er for gammel og skrøpelig til slikt. Då skal eg nevne to gjerninger som kanskje Gud nettopp har kalle deg til: Givartenesta og bønnetenesta. Paulus kalte dei truande i Korint og Makedonia og andre menigheter til å sette i gang ei innsamling til dei fattige i Jerusalem (2 Kor 8:13-14). Kanskje får du ikkje anledning til å komme på bedehuset og vera med å gi når offerskåla går rundt, men du finner sikkert ein annen anledning likevel. Bønn kan du i alle fall gjere bruk av til alle tider, det er så mange av oss som trenger forbønn. Paulus nevner det spesielt i Kol 4:2-6: Be også for oss at Gud må opna ei dør for Ordet. Be om at eg må tale slik eg skal når eg gjer kjent evangeliet om Jesus. La oss be for kvarandre og ikkje gløyma at me er Guds og kvarandres medarbeidarar.

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home