grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

13 februar 2021

Morsdag, fastelavn og valentinsdag !

 Søndag 14.feb 2021 vert ein spesiell dag med mykje blomster, fastelavnsboller og ekstra ære for mor. Her vil eg bare ta med eit par sitat frå stoff eg arbeider med nett nå.

I boka «Mors og fars historie» begynner den kjente forfatteren Edvard Hoem  med å fortelja om at han som 6-åring i 1955 spør mora: ‘Mamma, elskar du han pappa?’ Så sa ho, med ei røyst som var ukjenneleg, det som skulle ligge på meg i femti år: ‘Eg var ikkje glad i far din da eg kom saman med han, men eg vart glad i han, for han var trufast, og truskap er like viktig som kjærleik.’

I eit upublisert notat etter ein brudd forlovelse, skriver mi mor, Benedikte Seland, i 1927: ‘Vist nokon kjem til å lese dette so vit at kjærleiken er frå Gud og det er den sterkaste makt på jorda. Det var av kjærleik at Jesus gav sitt liv, og at vi og kan elske.’

Roser og orkideer er svært fine og gilde å gi og få, men enda viktigare er orda «Eg er glad i deg, elsken min!», og eit samliv som svarer til orda.