Siste styremøte
Fredag 5.feb.2021 hadde me det siste styremøtet i NLMs Misjonslag i Flekkefjord. Møtet var hos Bjørg og Tobias. Eg - Tobias - har vore styreleder dei siste åra og hadde regien også denne kvelden. 2.Timoteus-brev vart lagt inn over oss: «Fullfør din tjeneste!» Sven Hogstad las årsmeldinga og Solfrid Løland hadde ein oversikt over regnskapet. Eg hadde ein takketale til medlemmene i styret, til Bjørg som hadde ordna med god kveldsmat - som vanlig, og til alle for svært godt samarbeid. Så hadde me kjøpt inn roser til dei to trufaste damene som har vore med i styret, med alt dette innebærer, i mange tiår: Solfrid Løland og Solveig Forseth. Sven hadde kjøpt fine orkideer til Bjørg og meg, den eine fekk han tilbake med stor takk for det ja-menneske han har vore gjennom alle år. Både han og Bjørg fortsetter i det felles styret for bedehusforsamlinga - felles både for NLM og ImF.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home