Salmeli-tur
Den lenge planlagde turen til Salmeli blei virkelig onsdag 25.juli: Bjørg og eg hadde ein fin tur, fekk lapper og kaffe hos Astrid og Åge Olsen, mens Åge fortalde om den eldgamle løa som holdt på å falle sammen i tunet, og var blitt restaurert. Nå skal den "innviast" av Kvinesdal ordfører på lørdag (Kulturdagen i Salmeli). Bildet viser Bjørg sammen med Astrid og Åge, ved løa - inni er det både "salong" og madrasser til dei som måtte komme på besøk. Me hadde også ein tur til fossen der ute, og på tilbakeveien var me innom både Knaben Gruve og Garvik-familien på Nedland. Synd at eg ikkje fekk treffe søskenbarnet mitt, Olav Liland i Salmeli, men han hadde blitt forhindra frå å koma.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home