Legetur, hos Bjarne, på Hognestad, og Gyland-konsert
Ja, det vart ei spennande helg så langt, og i ettermiddag er det stor konsert i Flekkefjord kyrkje, med svært mange sangarar og musikk-instrumenter. Det er ein strålande 1. søndag i advent - kald og skyfri. Me ønsker dere alle ei god adventstid.
Det var hørselen min som stod i fokus hos spesialisten i Stavanger. Grundige prøver vart gjort. Det høgre øyra mitt har alltid vore mindre hørsel på, legen meinte det kom seg av ein medfødt eller svært tidlig skade - høreapparat ville ikkje gje så mykje av seg. Det andre var svært bra, alderen tatt i betraktning.
Så kjørte me til Randaberg, fekk oss litt lunch på "mitt gamle konditori", var oppe på mors grav og såg kor greitt Bjarne hadde stelt til med blomstrande lyng og lampe til utelys. Etterpå var me eit par timer hos Bjarne og Unn-Iren og fekk faktisk også prata litt med svært opptatte og aktive jenter.
Deretter kjørte me til Liv Marie Risa Taksdal og Toralv Taksdal på Hognestad ved Bryne. Der var me invitert sammen med Gunvor Nærland og mannen AfeWorq, Torbjørn Vedelden og Anne Nydal. Me fekk god mat (ris og wott) og kake. Men først av alt: Ein svært gild prat og søskenkjensle med Etiopia-misjonærer! Det varma oss alle, trur eg. Me overnatta der og etter ein lang og smakfull frokost kjørte me tilbake til Flekkefjord.
Om kvelden var me på "sangkafé" på Gyland Bedehus, med fullt hus og god mat og sanger av den svenske sangeren Lennart Larsson. Ei veldig fin oppleving, uten dødpunkter. Den sangen som talte mest til meg var "I don't need to understand, I just need to hold his hand" (Jeg behøver ei forstå, bare ved hans side stå") - litt om dette å kunne kvila i Jesus uten å forstå alt det som møter oss her i verden - både av solskin og skygger.
Summa summarum: Gode opplevingar Bjørg og eg ønsker å bringe vidare til våre ...
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home