grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

23 juni 2009

Fjellhaug revisited




Noen få 50-årsjubilanter hadde funne vegen til elevstevnet på Fjellhaug 20-21.juni. På bildet ser me frå venstre: Marie og Torleiv Vegge, Erna Olsen, Ole og Laila Turøy, Olav Fjose, Ingrid Hillesund, Hildur Fjose, Tobias og Bjørg Salmelid. Me fire mennene hadde gått sammen på Misjonsskolen i årene 1953-59. Eg hadde helsinga frå vår klasse under jubileumsfesten og forsøkte å formidla litt av den betydninga studietida vår hadde hatt for oss personlig og for arbeidet på misjonsfeltet vårt: - På Fjellhaug fekk eg lære å kjenne det bibelske grunnlaget for den barnetrua eg hadde hatt med meg heimantfrå, og for misjonærkallet mitt. Og så vart eg skikkelig kjent med Misjonssambandet, som eg har vore medlem av og arbeidt i gjennom desse 50 åra. Øivind Andersens timer i Romerbrevet og troslære merka gudslivet og arbeidet vårt for alltid. Han visste at me i framtida ville få spørsmål som han ikkje kunne hjelpe oss med, og gav oss eit Gudsord som me ikkje så snart gløymer, Jer. 33:3: Rop til meg og jeg vil svare deg, jeg vil forkynne deg store og ufattelige ting, ting som du ikke kjenner. Måtte Fjellhaug fortsatt få vere til velsigning for Guds Rike!