grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

15 juni 2009

"Pakten" - drama i Kongeparken


Elisabeth og Robert Muren framførte deler av sin musikal "Pakten" (The Covenant) i Kongeparken søndag ettermiddag. Ekteparet Muren bur i Israel med sine tre barn. Alle deltok i denne dramatiske musikalen (sjå bildet) som viste glimt fra jødenes historie fra Guds pakt med Abraham til opprettelsen av staten Israel i 1948. Det gjekk igjen i heile musikalen korleis Herren greip inn og berga dei i ulike nødssituasjoner: Daniel i løvehola, Ester, Rut, holocaust - og eit sterkt bønnerop til Han om å stå ved sin pakt også i dagens situasjon. Musikalen er blitt framført i Israel og 13 andre land. Den etterlot seg eit sterkt inntrykk. Israel står ikkje aleine !
Den internasjonale kristne Ambassaden i Jerusalem stod for det store arrangementet, og dei 3500 frammøtte Israels-vennene fekk også høyre ambassadør Michael Eligal, Arvid Bentsen, Steinar Harila, Sten Sørensen og fleire. I forsamlinga traff me kjenningar frå "alle" stader mellom Bømlo og Kristiansand. Seinare på kvelden kom heile møtet i opptak på "Visjon Norge" sin TV-sending.