Bryllupsdagen - to år etter
Største feiringa er takksemda vår fordi me "fant" kvarandre og vart kvarandres ektefelle. Og den takksemda går først og framst til Gud som "styrte" det slik. Den omstillingsprossessen som me naturligvis fekk - den som alle får ved inngåelse av ekteskap - den har me komme vel igjennom fordi me er glade i og for kvarandre. Toårsdagen kom og er snart til ende: Eg ordna med kake og middagsforberedelser mens Bjørg malte stakittgjerdet kring hagen vår. Mellom middag og kaffe fekk Bjørg ein middagslur mens eg var til legen. Kl. 14.30 måtte me vera verdig med kaffen fordi Bjørg hadde aftenvakt på sykehuset. Eg fekk ei lita kvild før eg måtte forbereda styremøtet på Bedehuset. Kl. 20.30 var eg heime igjen, og Bjørg kom kl. 22.45. Me er glade for kvar dag me får sammen.
1 Comments:
Det såg ut som ei god kaka =)
By bokormen, at 29 april, 2009 15:12
Legg inn en kommentar
<< Home