grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

11 mars 2009

HAN grep meg


I dag: sol frå skyfri himmel her i Flekkefjord. Ruskevêret er gløymt, nesten også den forkjølelsen eg fekk med meg frå siste møteveke. I går hadde eg fin bursdag, vart huska av slekt og venner med blomster, mobilmeldinger, telefonprat og små Facebook-notiser. Og av Vårherre i dag tidlig frå 2. Sam. 22: I min trengsel påkalte jeg Herren, jeg ropte til min Gud (v.7), han rakte ut sin hånd fra det høye, og grep meg, fridde meg ut, frelste meg (v. 17-20). Fantastisk! Tenk, det var meg han tok seg slik av! Så må eg i gang med tekstene for søndag, eg skal preika her i Flekkefjord kl. 11.00 og på Sira kl. 19.00. - Bjørg vart kalla til ekstravakter på Sykehuset, ho er glad for å vera til nytte også der. Eit par kvelder denne veka skal Musikklaget ut og synga: Farsund og Gyland - men min forkjølelse vil nok hindra meg ... Vi har fått oss ein liten og billlig DVD-spiller, og eg måtte bruke litt tid i går på å finne ut kva han kan spille, og kva han omtaler som "ukjent cd". Men også det ukjente, kan gjerast kjent, har eg funne ut. Slik også med Herren og hans godhet når vi vert kjent med han og våger å stole på han.