grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

07 februar 2009

Mors dag og dager


Gratulera med morsdagen, kjære svigerdøtre Lillian, Ellen, Elin, Unn-Iren og Margunn! Håper de får mange gode dager som mor også heretter. For morsdagen er vel ikkje berre eín dag, men livets mange dagar stundom med jublande glede og stundom med djupaste sorg og bekymring. Mi elskede Bjørg og eg skal ikkje feira morsdagen, har ingen grunn til det. Mødrene våre har gjort sitt, dei er borte nå (bildet viser mi mor Bendikte). - Mor til guttane mine lever enda i mange minner. Ho vart tidlig mor, for snart 50 år siden. Og "mor" vart ho heitande i alle år, heilt til ho kom på sjukeheimen og bad meg heller å bruke hennar rette namn. Grunnen var at andre på sjukeheimen hadde sett denne karen som kom dagleg for å ta henne med ut i rullestolen, og spurte henne om det var sønnen hennar. - Bjørgs mor og mi mor har lenge leie i gravene sine, men vi minnest med stor takksemd at det var dei som lærte oss å kjenne ein bønnhøyrande Far i himmelen. Og Han har vore oss trufast og omsorgsfull inntil i dag. Måtte Herren gje tolmod og styrke og velsigning til alle mødre!