grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

25 januar 2009

Besøk: Max Manus og misjonærvenner


Benedicte vart forbausa då ho høyrde at farfar hadde vore på kino. Vi hadde nemlig lyst til å sjå filmen om norsk motstandsarbeid under verdenskrigen. Filmen levandegjorde sabotasjer og slikt for oss, men det var først og framst Max Manus sitt eige etterkrigsliv som gjorde inntrykk.


Sjeldne gjester har vore innom oss, gamle misjonærvenner frå Kristiansand (Bjørg og Haraldur Olafsson) og frå Bryne (Torbjørn Vedelden, Liv Marie og Toralv Taksdal - sjå bildet, der Birgit Svindland også er med). Ugløymt humor og dramatiske hendinger vart dratt fram, rike minne som binder oss sammen i eit misjonærsøskenlag vi setter svært stor pris på.