grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

27 desember 2008

Julefeiring på Kvitsund







Me hadde ei alle tiders julehøgtid hos Kristen, Elin, Harald, Andreas og Gunnar på Kvitsund, heile juleaften og juledagen var me der i det "nye" og store huset deira. Me tok toget fram lillejulaften og tilbake 2.juledag. Kristen assisterte med kjøring frå og til Bø. Reisa gjekk fint sjøl om Bjørg vart plaga av omgangssyke på avreisedagen. To fine turer til kyrkja fekk me, i fint vintervêr. Så var det scype-kontakt med Marie i Brasil, injera/wott (restemiddag etter Kristens 45-årsdag), pinnakjøtt og ribbe - og tradisjonell moltekrem til dessert, og gaver av alle slag. Eg husker bare at eg aldri har fått så mange gode bøker før til jul, i tillegg til gavehjelp "som kan forandre verden", les: Afrika. Me sitter igjen med eit rikt og godt minne, ikkje minst frå barnebarna som blir større og meir vaksne etter kvart.