grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

05 januar 2009

Velsigna julefest



Julefesten på Bedehuset søndag 4. januar vart ei gild oppleving av julens budskap i ord og toner. Gordon Klungland (Indremisjonen) batt innslaga sammen på sin varme og trivelege måte. Bibellærar Edvard Foss (Bildøy) nevnte fall og nederlag frå fjoråret: Vi skal sleppe å dra dei med oss inn i 2009, dei er nemleg alt oppgjorde og tildekte i Jesu soningsdød. Mitt nye liv i Jesus har erstatta forltida mi, den er nå Gud ferdig med! Den festkledde forsamlingen tok vel imot den fine sangen og musikken frå musikklaget, misjonsmusikken (bildet, med sin dirigent Reidar Mæstad), Oddbjørn Stakkeland (piano) og Tom Gallatin. Gang kring juletreet og smakfulle smørbrød var også med på å gjera denne julefesten til ei gild feststund for oss alle.