grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

01 januar 2009

2009 - nytt og ukjent


Det korsmerkte flagget vart heist hos oss kl. 09 første nyttårsdag. Eit nytt år ville me markera på denne måten. Samtidig forteller bildet at julen er ikkje over enda, og vedsekken ved døra viser at me trenger varme i dei komande vintermånadene. Kunne me bare få gje kvarandre denne varmen som me så sårt trenger til, og vera eit redskap for å bringa Guds velsigning til eit medmenneske! Me er fylte av takksemd til Herren for hans godhet og styring med livet vårt i 2008. Nyttårsaften vart ei gledelig stund sammen med gode venner: Olav og Hildur, Edvin, Nelly og Jon Rasin, og Laila. Jo, det nye året er nok ukjent, men det er i Herrens hand. "Nyttårssalmen" 102, skrevet som eit bønnerop av ein ukjent elendig, vitner for oss at "Herren skal bygge Sion ... han skal vende seg til dei hjelpesløses bønn" (102:17-18). Takk for gamleåret, venner, og stå på med friskt mot! Det er nemlig i hans hand det nye året kviler!