grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

30 mars 2009

Snøklokkene


Det vårast for vel ei veke sidan, men me hadde ikkje snøklokker i hagen vår. I ei vegside fant eg ei tue med desse vårblomane og tok dei med heim og planta dei ved ein ripsbærbusk me hadde sett året før. Dagen etter låg det 10 cm nysnø over byen og hagen! Alt var borte – nei, det var ikkje det. Då snøvêret stogga etter 3-4 dager, gravde eg fram snøklokkene, og dei reiste seg att så snart sola kom. Fantastisk å sjå korleis livet spring ut, Herrens ”fingrers verk” (Salme 8).- Eit lite dikt av Einar Skjæraasen (1954) rann meg i tankane:

Du ska itte trø i graset, spede spira lyt få stå.
Mållaust liv har og e mening du lyt sjå og tenkje på.
På Guds jord og i hans hage er du sjøl et lite strå.

Du ska itte røre reiret, reiret er e lita seng.
Over tynne bån brer erla ut sin vare varme veng.
Pipet i den minste strupe ska bli kvitring over eng.

Du ska itte sette snuru når du ser et hara-spor.
Du ska sjå deg for og akte alt som flyg og spring og gror.
Du er sjøl en liten vek en, du treng sjøl en storebror.