grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

14 juni 2009

Gjestfrihet uten grenser!


Tur til Salmeli lørdag i strålande sol. Me plukka opp Gry og Johannes Garvik på Gyland. Dei hadde ikkje vore i Salmeli før, derfor det obligatoriske bilde oppe ved fossen. Grillmat, kaffe og lapper hadde me med oss og hadde ei fin matøkt i ly av fjøsgrunnmuren "der ude". Astrid og Åge Olsen kom til Lia litt seinare, Åge hadde kjøpt seg ein ny "seks-hjuler". Astrid viste oss rundt i huset - skikkelig museumstur! Og fordi ho enda ikkje hadde fått til dagens lapperøre til eventuelle gjster, fekk me ei sjokoladeplate i staden! Astrid og Åge er i sannhet verdige arvtakarar av generasjonar av tidligare gjestfrie Salmeli-folk! Astrids bror med familie hadde leigd Steinars hytte, "Botnløa", ellers var det ikkje andre i Salmeli denne fine sommerdagen. Det var faktisk to år sidan Bjørg og eg sist hadde vore her. Staden oser av minner og soger ...