grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

18 juli 2009

Uventa slektsbesøk!


Han ringte meg opp på torsdag, Olav Liland, halvsøskenbarnet mitt - med felles bestefar - som bur i Seattle. Han (76) og kona (Kerstin, 72) satt på Helleland og åt kompe, og ville stikke innom Flekkefjord på veg til Salmeli. Fantastisk, det er faktisk noen år siden me har vore i kontakt sjølv om dei har vore innom Salmeli ein tur kvart år. Det er dei, eller rette sagt sonen Steve, som er eigar av bruket "der heime" som bestefar vår bygde opp for 100 år siden. Me fekk ein gild prat sammen, Olav er opptatt av at dei endelig har fått tinglyst utskifting av heiestrektninger i Salmeli, frå gammel tid har brukene der hatt ein god del av skog og jaktterreng i fellesskap. Dei fekk med seg noen oppdaterte "Salmeli-bøker" og lova oss ovenattingsplass i huset om me kom innom. Neste år i slutten av juli vert det ventelig kulturdag der oppi Lia igjen, for 4. gong.