grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

30 mai 2010

Salgbar bok og strevsam kone

Det var lørdag 29.mai. Eg var veldig opptatt av den nye boka mi som skulle lanseraBoksalg 290510st på Horjen Bokhandel kl. 11.00. Bjørg ville vera heime og bake kake til eg kom tilbake. Det ho ikkje fortalte var at ho/me skulle ha mange gjester til middag! Alt gjekk bra hos Horjen, forlagsmann Helge Strand kom i rett tid og introduserte meg og boka for dei frammøtte, og gav meg ein fin blomsteroppsats. Smilande butikkdamer hadde lagt alt greit til rBjørg med roserette, med bord og kaffemat. Folk kjøpte boka og eg signerte den. Spesielt gildt var det for meg å få telefon frå ein av oldebarna til bokas hovedperson, han var svært takksam fordi eg hadde skrive ned soga om gamle Gunhild og naboene hennes i Salmeli. Så plutselig fekk eg auga på son min, Kristen frå Kvitsund – og Gunnar og Andreas, og der var kona Elin også! Visste Bjørg at dei skulle komme? Jau, ho hadde fått melding om besøket eit par dager før, det skulle bare vera ein overraskelse for meg! Men, der dukka også ein av dei andre sønene mine, Geir Tore, opp med Kamilla, Joakim og Renate – og det visste ikkje Bjørg om. Butikkdamene var stornøgde, dei hadde aldri hatt så mange inne til boklansering tidligere, sa dei. – Då eg kom heim att eit par timer seinare stod middagen på bordet til oss seks, i hast satte me inn ein ny bordklaff og dekte på til fire til. Både kjøttkakene og grønnsakene vart nok til oss alle ti. Det var godt for meg å få ut denne boka, kjekt å få uventa besøk, og ekstra gildt å ha ei kjærlig kone full av omtanke og arbeidsglede!