grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

16 mars 2011

Den ureine møtte Jesus


Ein spedalsk, urein mellom mennesker og uten framtid og håp, møtte Jesus (Matt 8:1-4). Ingen kunne hjelpe han i hans situasjon - men så fekk han eit møte med Jesus, frelsaren som stoppa opp for den eine fortapte. Den spedalske vart rein ved å lytte til Jesu ord, og fekk gå gjennom den reinhetsorden som Gud hadde gitt sitt folk - ved å bli erklært frisk av presten. - Det er fastetid, og møteveke på bedehuset. "Med Jesus mot Golgata" er temaet for forkynner og sanger Øystein Meling sine prekener. Meling la den spedalskes situasjon sterkt innover oss, men også Jesu frelsarvilje for nettopp denne håplause. Også i dag er det gjennom Guds ord at du kan få eit møte - kanskje eit nytt møte - med Jesus! Meling er ein god sanger som er gild å lytte til. Musikklaget deltok også med sang gjennom møtet, som vart avslutta med kaffe og kaker i foajéen. Me er med i bønn for møtene utover i veka.