Godt nytt år 2013
Jo, vi ønsker kvarandre eit "godt", nytt år, og planlegger inn i ei ukjent framtid. Verden feirer overgangen til det nye året med fest og fyrverkeri. Eg har stundom sagt at det er liten forskjell på dagene før og etter 31.desember - bortsett frå helgedagene. Vi hadde ikkje komme heim etter nyttårsfeiringa vår hos Ellen og Kristen (som "byggherre" på Kvitsund Gymnas) før telefonen kimte og minna om møteveka her på bedehuset i mars. Postkassen inneheldt forsinka julebrev og julegave 2012, og rekninger for aviser i 2013. Og likevel: Mange av mine barn og barnebarn går eit nytt spennande år i møte, med nye arbeidsoppgaver i heim- og utland, og nye studieplasser. Vi planlegger tur til Nairobi der to av barnebarna vert konfirmerte palmesøndag, og kanskje tur til min bror i Florida seinare på året. "I di hand, Herre, er mine tider", seier ein røynd gudsmann i Salme 31:16, det gjer at vi kan gå framtida i møte med frimodighet. Vi folder våre hender og ber om velsigning over dagen og alle våre kjære, kvar morgen.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home