Tur til gamle Birkeland gard
Fortsatt nydelig solskinn og fint turvær, som me prøver å nyta så godt me kan. I dag kjørte me noen km utenfor byen i retning Feda, og gjekk knappe to km opp ein bratt og svingete veg til den gamle Birkeland gard, der misjonskvinnene Anna og Gunhild Birkeland budde i si tid. Deler av huset skal vera frå 1700-talet og heile eiendommen blir nå utleigd til jaktlag og andre gjester. Alt var så fredfullt, med kvitveis og skogfioler og bjørk og andre tre grøntkledde og oppstasa. Bjørg hadde bakt deilig sjokoladekake om formiddagen, den smakte godt på benken i gardstunet.
Naturen er ikkje alltid like lett å "lese", heller ikkje det tankevekkande skiltet på husveggen ved verandaen, men me ser i alle fall at det er ei oppfordring til å vandre med Herren, som har naturen i sine hender.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home