grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

24 juni 2014

Salmeli-helg og St.Hans

Me gjorde oss ferdig mad dagens maling lørdags ettermiddag, og eg kjørte til Salmeli like etterpå. Grunneigarane der skulle ha møte, og då visste eg at eg kunne få treffe noen av dei, særlig familien til Olav Liland, søskenbarnet mitt som bor i Seatle. Eg fekk kaffe og ein god prat med Olav og Kerstin og sønnen Steve om kvelden. dei venta fleire folk seinare frå Sverige, der Steves to gutter skulle bli konfirmert. Steve arbeider i oljeverksemd i Alaska.
Eg hadde ei svært kald natt i ei løa ved bekken, og den varme morgensola gjorde meg godt.Utpå dagen kjørte eg heim att. Bjørg var kyrkjevert den søndagen og kunne ikkje bli med meg til Salmeli.
Mandag, etter malingsøkta, vart me bedt til det tradisjonelle jonsok-selskapet hos Nelly og Magne Sivertsen. I år var me bare fem samla og såg på båtene som kryssa fram og tilbake på fjorden utenfor stovevinduet.
Nelly diska opp med dravle og potetkaker, kaffe og is.

Nelly og Magne er eit svært gildt vennepar av oss, og trauste og trufaste misjonsvenner.
Kl. 22.00 vart bålet ("Spiren") tent uti fjorden, det var det einaste bålet som var tillatt i Flekkefjord kommune i år for alle var redde for brann (Brannsjefen: "Til og med mold brenner nå."). Me avslutta samværet ved at eg las frå Salme 27: "Herren er mitt lys og mi frelse, kven skulle eg ottast? Herren er eit vern for mitt liv, kven skulle eg skjelva for? ... Herre, lær meg dine vegar, og før meg på dei rette stier."