grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

24 mai 2014

Storehei-tur

Frå huset vårt har me utsikt mot byen, men bysenteret ser me ikkje fordi Lillehei (midt på bildet) stenger - det var på Lillehei me budde dei tre åra frå sommeren 1982 til august 1985. Til venstre på bildet ser me Storehei, 187 m.o.h, og det var dit eg ville denne lørdagen i solskinnet. 

 Eg var åleine der eg rusla opp bakken til Lillehei, og såg Storehei ruva framfor meg. På bildet kan ein skimta fotografen i vegspeilet i venstre hjørne.
Vegen til Storehei er nærmast ein klatretur, om lag 200 steintrinn er lagt til rettes oppover fjellsida, ofte med gelender av jernstenger, slik som her. Skiltet på toppen viser at eg er på rett veg, og utsikten over byen er fin: Lillehei er rett under meg, sykehuset til venstre og fjorden skimter me til høgre på bildet.
Frå antennemasten på toppen gjekk eg videre innover på den lett synlige stien mellom trea.

Etter ein god halvtime gjekk stien forbi dei to Helletjørna og ned mot gardsbruka på Helle. Eg kom inn på tunet til ein birøkter, han hadde også ein liten åker med store amerikanske blåbær. I bratte svinger bar det videre på kjørevegen forbi Søyland skole og heim. Eg fekk også med meg ei tue med forglemmegei før eg nådde huset og eit velfortent formiddagsmåltid. Turen hadde tatt nærare 2 timer.