Det haster, for noen venter ...

Eg kjenner Jorunn godt. Ho gjekk sammen med Gunvor (kona mi i 1959-2006) på Fjellhaug misjonsskole i to år. Og Jorunn hadde valgt tekst frå fortellinga i 2.Kongebok 7:9, "Dette er dagen for gode nyheter. Tier vi og venter til morgenen gryr, fører vi skyld over oss. Kom, la oss gå og fortelle dette ...!" Det var denne fortellinga som talte slik til Gunvor at ho fekk kallet til å dra ut som misjonær.
Jorunn fortalte levande om dramatiske overfall og åndsutdrivelse, om underfulle frelsesopplevelser og vekkelser ved at dei frelste gjekk vidare med evangeliet til andre byg der. Ho var ikkje ferdig med evangelisering og kyrkjebygg i Shakiso, skulle ut for å fullføre si gjerning og så komme heim att og sette seg til å skrive. Ho har mykje å skrive om, om Herren gir henne tilstrekkelig helse og tid.
Den store forsamlinga av misjonsvenner tok til seg budskapet frå Jorunn og gav kr. 20.025 i misjonsgave. Bedehusfolket i Kvinesdal sørga for god kveldsmat til alle, inkludert kaker, iskake og frukt. På fotoet her ser me Jorunn, Eva Olsen, Hildur Fjose, Bjørg og Sigfrid Larsen. Det var Aslaug Barøy som leda samværet og Kjerll Trodahl som sang - sammen med Gunnhild og Solveig. Eg trur at forsamlinga satt igjen med litt av dette budskapet: Me må sjølv gå ut med evangeliet, eller sende andre!
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home