grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

23 januar 2016

Bibeltime, operasjon, snømåking

Det er lenge siden eg skreiv på denne bloggen nå, og det har sine grunner. Etter siste helsekontroll av blæra fekk eg melding om at kreften hadde brote ut igjen, og måtte ha ny operasjon - etter berre eitt år. Det bar derfor til SUS, Stavanger, mandag 18.januar, for tilrettelegging for operasjonen, samtale med legen, og diverse prøver. Operasjonen vert tirsdag 26.januar, og eg skal møte dagen før til blodprøve, og overnatte på pasienthotellet. Bjarne hjelper meg med transporten.
    Ellers så har eg vore svært opptatt med det temamøte søndags kveld på bedehuset, der skal eg tale (PowerPoint) om "Guds bok, skrevet av mennesker". Det er jo bibeldagen så det passer bra. Men eg har brukt mykje tid til forberedelser.
    Snøen har kome, fint å vite at Guds Ord bruker nettopp snøen, som dekker alt, som eksempel på korleis våre synder er tilgitt (Jes 1:18). I tillegg har Bjørg og eg fått nesten daglig ein halvtime eller meir med snømåking, det gjer godt. Bildet viser furua vår i hagen, snøen på verandaen, og månen som blir full på søndag.