grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

25 mai 2015

Lyse opplevinger i grå kvardager

Konfirmasjonsdagen 14.mai var jo eit høgdepunkt som me vil minnast med glede, både på grunn av konfirmantene Joakim og Renate (nr. 15 og 16 av mine barnebarn), og fordi så mange i storfamilien fekk høve til å komme sammen.
17.mai feira me på tradisjonell måte, med bytur, kyrkjegang, middag i bankkjelleren og godt møte om kvelden på Bedehuset, med pølse og is i tillegg til god tale av dr. Einar Sand.
Pinseaften har me ein annen tradisjon: Haydom-basaren på Gyland bedehus - denne har dei halde på med i 40 år, mens Bjørg arbeide på dette sykehuset i Tanzania. Minst 120 var samla, mange barn, mykje god mat, nesten 47.000 i inntekt for NLM, og ein knallgod andakt av Lars Skjæveland - der han fekk alle med seg i sine bilder og omtale av Guds ånd som vår "støttekontakt".
Pinsedagen var me di Frikirken oppe på Trøngsla, litt utenfor byen. Dei feira at det var 10 år siden dei hadde tatt i bruk dette flotte bygget til kyrkje. Samtidig var det forbønnshandling for eit nytt lærerpar til NLMs skole i Nairobi: Anders og Marie Skåland Skretting.
Ove Nybø (pastor i Frikirken), Ove Sandvik (områdeleder i NLM), Kari (Frikirken), Marie Skåland og Anders Skretting. (Maries foreldre er i Frikirken, Anders har vore lærer på Tryggheim)
Så er det andre pinsedag i dag, med møte i kveld på Bedehuset der Musikklaget skal synga. Eg skal dele ut eit nytt "Medlemsblad" til våre NLM-folk. Så planlegger me litt framover siden eg skal til Oslo/Bent/Hurdal Verk komande helg, og Bjørg har fått melding om at ein tidligere medarbeider frå Haydom sykehus i Tanzania kjem på besøk til Norge. Ein busstur til Sætervika og Solgry står også på programmet, og kanskje også til Bibel- og naturcamp i  Bygland,  før NLMs store generalforsamling på Randaberg 7-12.juli - sommerens store høgdepunkt. Planene ligger i Herrens hand.