70 år med frihet
Det er den 8. mai 2015, 70 år etter frigjeringa i 1945 - ein stor dag til å minnast og vere takksam for. Småbjørkene våre ved huset er grønne, blomster er komme på morellbærtreet mellom oss og naboen. krukkene med begoniaknoller er satt ut for å gro i solskinnet. Kald luft enda, men det vert nok sommer av det i år også, sjøl om me må fyre i vedovnen av og til.
I går var me på Englekafeen og fekk alle tiders komper, det var Sigrid Nuland som hadde bedt oss med. På kafeen er eine veggen dekt av eit gamalt bilde frå 1930, då Flekkefjordsbrua enda ikkje var blitt fornya (Me venter stadig på ei ny bru her, med skikkelig bane og fortau). Lengst til venstre på fotoet er huset som nå er Englekafeen - i etasjen over budde Birgit Svindland. Eieren av både det huset og det store midt på bildet til venstre for brua, er Kjell Svindland.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home