grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

15 februar 2015

Herren kan gi deg mer enn det!

Lørdag las eg frå Leo Tolstojs bok Fortellinger og legender, om "De to brødrene og gullet": Johannes og Athanasius bodde nær Jerusalem. Dei hjelpte alle i nød og vart velsigna av Herren for det. Så fant Athnasius ein mengde gullpenger ein dag og brukte desse til å bygge sykehus og heim for dei vanskeligstilte og fattige. Han brukte ingen gullmynt på seg sjøl, men vart æra og takka for alt han gjorde for andre. Herren refsa han likevel for dette: "Den onde hadde lagt gullet i din veg for å forføre deg." Då gråt Athanasius og angra det han hadde gjort; han hadde nemlig tatt til seg den æra som tilkom Gud aleine. Han forsto at den som vil tene Gud og mennesker, må gjere det med sitt eige arbeid og ikkje med andres gull.
Fortellingen talte til meg, eg kunne nemlig godt tenke meg å vinne eller få mange penger som eg slett ikkje hadde bruk for sjølv, men det er jo så mange gode formål eg kunne brukt dei til (og kanskje fått litt ære og takk for det).
Søndags morgen bladde eg fram eit nytt blad på bordkalenderen mens eg laga frokost, og då kom dette budskapet til meg: "Herren kan gje deg meir enn det!" Det gjaldt kong Amasja som hadde gitt ut  100 talenter sølv forgjeves, han hadde nemlig leidt mange krigsfolk som Herren ville han skulle sende heim att og ikkje gjera bruk av (2.Krøn 25:6-9). Så sendte Herren ein anonym gudsmann til han - og meg -  med budskapet om tryggheten av å vera i Herrens hand! Stundom består Herrens velsigning også av irettesettelse ...