Dagbok - for å telle Herrens velgjerninger
Av og til savner eg dagbokskrivinga som eg alltid hadde i Etiopia. Her er nemlig ofte så mange hendinger som eg skulle ha skrive ned, noen svært gode og verdt å minnast, andre er mindre gode ...
Denne veka har vore full av det me gjerne kaller "Herrens velgjerninger". Eg er betre i ryggen og aksla, og på søndag spanderte me på oss middag på byens kinesiske restaurant etter preika i kyrkja kl. 11.00. Møtene søndagskvelden og i mannsforeninga mandag gjekk greit, og tirsdag var me og feira Magnes 90-års-dag (Han er midt på bildet).
Torsdag fekk eg etter vel tre vekers venting, endelig svar frå urologen ved SUS om at vevsprøven min etter operasjonen viste at eg hadde ein svært mild form for kreft, det var ikkje nødvendig med behandling, men eg skulle til kontroll kvar tredje måned. Eg var sjølsagt svært glad og takksam for at eg slapp med dette. Mailer om nyheten sendte eg sjølsagt til guttane og andre, også til urologen som hadde undersøkt meg ved Shaare Zedek Hospital i Jerusalem - han hadde nemlig bedt om det,
Fredag kom andakten min i Agder, som venta, og om kvelden hadde me besøk av afrikanerne D og A.
Det vart ein svært gild kveld, med god middag (ris og kylling, og kaffe med julekaker attåt), og mye prat om kvifor dei var komne til Norge og korleis dei hadde hatt det desse 10 månedene siden dei kom til Flekkefjord. Dei kom frå ulike land, men forholda for dei hadde vore mykje likt - dei tilhørte politiske og stammemessige minoriteter, og fekk problem som var så store at det beste var å forlate familien og dra. Det var i Pinsekirken og i Bedehusets internasjonale samling dei hadde funne ein plass som evangeliske kristne. Besøket hos oss var til gjensidig glede for oss alle fire.

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home