grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

07 april 2015

Påskeveka

Gunnar, Elin og Kristen på Søylandsvarden
Det vert sagt at ordet "påskeveka" ofte vert brukt feilaktig for "den stille veka" - altså om veka i etterkant av palmesøndag, i staden for at ordet skulle brukast om veka som tek til med påskedagen. Me har vore heime i Flekkefjord heile påsken, men ikkje åleine. Frå onsdag til lørdag hadde me besøk av fire medlemmer av Kristen sin familie frå Kvitsund. Det vart noen gilde dager, med tur skjærtorsdag til Søylandsvarden (2 timer, nesten 400 moh), og ein 2-timers tur att på langfredag opp dei 200 gamle trappetrinna til Storhei og ned att ved Helle. Alt føregjekk i finaste solskinn. Fredag deltok me i flokken av 19 personer på nattverdmøte på Bedehuset. Det vart litt kontraster til metodistmenigheten på 90 som me hadde nattverd sammen påskedagen.


Trodahl deler ut papir og blyant til sine små slektninger på misjonsfesten
Andre påskedag var me i stort selskap - misjonsfest - på Tonstadli i anledning Gunnhild og Kjell Sverre Trodahl som feira sine 70 år med 70 slektninger i tillegg til mange venner som hadde funne vegen dit den dagen. Det var taler og helsinger i tillegg til eit godt kakebord. Kjell har mange venner og han har omsut for dei alle. Pengegaver som vart gitt skulle gå til Norea Radio. Derfrå kjørte me rett til Bedehuset der eg leda kveldsmøtet og Sven Hogstad hadde tematale om "Når vi møter den oppstandne", eit fint PowerPoint-program. Gledeleg overraskelse var det at Liv Randi Mæstad Birkeland og Einar Birkeland, frå Bergen, sang fleire gode sanger for oss.

I dag er det begynnelsen av ei "stille veke" for meg. Eg har nemlig sendt inn høyreapparatene mine til service og rensing - og alt vart plutselig så rolig omkring meg. Ellers har eg skifta til sommerdekk på bilen, og hjelpt Bjørg med å skifta jord på planter. Våren er kommen, og me gler oss ...