grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

29 januar 2016

Ikkje perfekt, men tilgitt

Eg holdt bibeltimen min som planlagt på søndag, og i min selvopptatthet syntest eg at det gjekk greit sjølv om den vart svært lang med mange detaljer. Men i avslutningen av møtet kom eit spørsmål om noe eg ikkje hadde sagt på beste måte. Eg skulle gi eit klart svar, men kom i farten ikkje på dei tekstene eg skulle ha henvist til for å grunngi svaret mitt, og enda med å orsaking meg fordi eg "stod fast" og måtte berre setja meg. Eg vart svært skuffa over meg sjølv, både på resten av kvelden og i vaketurer om natta. Men om morgenen - før eg skulle på sykehuset - fekk eg eit ord, egentlig ei overskrift som stod i Dagen: Du er ikkje perfekt, men tilgitt! Gud lot det fylle hjertet mitt og gi meg takksam glede.
Blærekreftoperasjonen gjekk som planlagt i Stavanger på tirsdag, og allerede onsdag ettermiddag kunne Bjarne kjøre meg tilbake til Flekkefjord. Gud har aldri lova å føre oss utenom denne verdens sjukdom og plager, men han har lova vera med oss gjennom dei - slik det står i Salme 23. Då ligger mi ukjente framtid i handa til ein barmhjertig og tillitsfull Far i himmelen.
Bedehusenes storsamling står for døra her på bedehuset, for 18. gang. Det er Klaus Muff og Magne Birkedal som skal tale Guds ord til oss, to bibeltimer kvar, med emner fra eit kristenliv sammen med Jesus, både i "dødsskyggens dal" og "på forklarelsens berg".