grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

07 april 2016

- Hei! Snakker du norsk?


Det var på Gjenbruksbutikken i Kvinesdal torsdag 7.april. Ein og annen "stamgjest" dukker opp, om ikkje dei finner det dei leiter etter, så kommer dei alltids over noe billig som dei kanskje kan få plass til heime likevel. Innflyttarane kommer gjerne to-tre sammen: Skautdekte muslimkvinner med eller uten barnevogn, brunfarga ungdommer frå Eritrea og Somalia, og litt lysere karer frå Syria og Afganistan. Klær og vesker, enkle kjøkkensaker og elektriske artikler har dei fleste bruk for. Noen smiler gjenkjennande til meg og helser på amharisk. To nye frå Eritrea stod ved kassa og skulle betale for noe, eg for bort og helsa på dei: - "Snakker dere norsk? Er dere kristne eller muslimer?" - "Eg er kristen", svarte den eine, "men har ingen bibel". Så var eg borti den godt synlige bibelhylle og henta ein tigrinja-bibel, og han for rett til kassa med ein 50-lapp for å betale. "Nei, denne boka er jo kristen, eg er muslim og vil ikkje lesa slikt!" kom det bestemt frå ei dame som likevel tok imot ein kristen traktat på arabisk. Ei norsk kvinne hadde nett fått ei orientering frå Bibelselskapet og lurte på kva vi gjorde for å nå våre nye landsmenn. Ho vart glad då ho såg alle eg tok kontakt med og dei bibeldelene vi hadde, men fekk også høyre at kjennskap og vennlighet ofte var vilkåra for evangelisering. Forøvrig er språk fortsatt menneskenes beste kommunikasjonsmiddel, og så ber vi Herren velsigne ordene.