grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

06 mars 2016

Ein lørdag på Gjenbruk

Så var det vår tur igjen til å dra til ein handledag på NLM Gjenbruk i Kvinesdal. Sven var med oss frå Flekkefjord, og frå Øyestranda kom Lars (daglig leder) og Eva. Me trivest svært godt sammen som teamarbeidere.
 Grete Salmelid Olsen sitter her sammen med svigerfaren. Det var ekstra kjekt at ho stakk innom fordi me fekk som vanlig besøk av fleire innflyttarar, og noen av dei var i Gretes norskklasse - noe dei satte pris på.

I tillegg til alle dei andre som kjøpte små og store,  nyttige og unyttige, ting, var også Jenny Løvås (85) innom. Ho spilte litt, og fekk ein kopp kaffe. Storarta. Me solgte for over 7.000, og var fornøgde og litt trøtte då me kom heimatt etter 6 timers kjøring og handling. Lørdagsgrøten og "horisontalen" etterpå gjorde oss godt.
Søndag fekk me litt snø igjen, etter snømåkinga bar det på tur til Sira bedehus, med god forkynning av Arne Arnesen og deilig middag etterpå for kr. 50, kaffe og kaker inkludert. Ein god dag!