grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

27 februar 2016

Synzygos, ein nødvendig medarbeider

Under morgenandakten takker kona mi og eg Herren for at me får vera sammen om dagens gjøremål og oppgaver endå ein dag. Å vera sammen om dagens arbeid kan sammenliknast med å vera bunden sammen ved eit felles åk, liksom når eit par ukser pløyer. Paulus omtaler i Fil.4:3 ein ellers ukjent medarbeider med ordet "syzygos", skrevet som Synzygos i våre bibler. Ordet "syzygos" kommer av "zygos" som betyr eit åk, og brukes i gresk om ein medarbeider, kamerat og ektefelle.

I dag gjorde me noe me ikkje har gjort sammen før, me bakte brød i melkekartonger! Kva kunne så eg hjelpe til med der? Jo, hente mjøl frå kjelleren, røre sammen dei mange mjølsortene til brøddeigen, stifte melkekartongene når Bjørg hadde fått fylt deigen i dei, og ta oppvasken etterpå. Så hadde me ein fin og frisk tur sammen på den solfylte mosjonsveien etterpå. Etter ti timer i ovnen på 100 grader var nødvendig, og så kunne me åpne melkekartongene og finne fint forma brød som smakte herlig med brunost.
Men i går måtte eg melde pass. Me hadde bestemt oss for å vera med på Frelsesarmeens språkkaf'e kl. 10. Noen mødre med barn var alt komne for å få med seg smakebiten vafler før ABC-bøker og leker vart tatt fram. Eg fekk høyre at denne dagen var damenes dag, mennene kom ikkje før kl. 13 for å hente heim familiene sine. Eg forsto sjølsagt at det var betre for meg å ta ein handletur i byen, eg ville sjølsagt ikkje øydeleggje opplegget med dei muslimske damene. Men før eg gjekk, opplevde eg noe hyggelig: Bjørg tok barna i handa og spurte smilande etter deira navn og alder, og dei smilte tilbake og prøvde å uttale det nye ordet "Bjørg". Dette kunne ikkje eg ha fått til på ein god måte, sjølv om mennene hadde vore med. Eg såg klart at dette var ein av Bjørgs mange positive egenskaper. Sjølv kan eg skrive og undervise og løyse kryssord, men ho kan snakke med eit innflytterbarn på ein slik måte at kontakt vert skapt og språkmurer riven ned. Som ulike "syzygoi"  - medarbeidere og ektefeller - kan me glede oss over å utfylle kvarandre gjennom dagens oppgaver.