IKF-samling på Bedehuset
Terefe Bekele og kona Sosina har me kjent i mange år, mellom anna frå deira virke i IKF (Internasjonalt Kristent Fellesskap i Salem misjonsforsamling i Stavanger). Geir Tore fekk dei med seg til oss søndag ettermiddag på god kake og kaffe, og på svært godt IKF-møte på Bedehuset om kvelden. 50 var til stades, alle fekk med seg Geir Tores timelange PowerPoint-foredrag om å nå innflytterne våre, og alle fekk kveldsmat, det hadde Bjørg og Solveig sørga for. Margunn og Tomas, Joakim og Renate var også med. Eg leda samværet, med kr. 4.448 i misjonsoffer til NLM/IKF (brutto). Folk satte pris på Geir Tores små praktiske opplysninger og fortellinger frå arbeidet mellom innflyttarane. Eg fortalde om begynnelsen til IKF i 1980 ved Gjertrud Grønnestad, og las frå Guds bud for innflytterne i 3.Mosebok 19:33-34. Og Sosinna kom med indjera og wott til oss, til fleire middager!! Dei driver jo ikkje etiopisk restaurant, "Gådjå", for ingenting.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home