grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

09 februar 2016

Misjonærer heime ...

Me var sammen med 40 andre misjonærer på misjonærhelg på Holmavatn 5-7.februar, eit svært givande samvær. Det var stort å høyre Jørn Helland fortelle frå Indonesia, han vart nettopp komme heim. Dag Øivind Østereng, prest, hadde emnet: Håpets Gud, frå Jobsbok. Sigmund Lende preika på søndagssamlinga, og me hadde eit gripande vitnesbyrd av Bolivia-misjonæren Kristian Malde, med sin uhelbredelig kreft. Det som likevel kanskje talte mest til oss var Bulos (Paul) Odeh sitt engasjerande "foredrag" lørdags kveld.

Bulos (Paul) Odeh, 55, innvandrerleder i IKF fra 2004, Stavanger. Israelsk statsborger, opprinnelig edomittaraber, kristen slekt som innvandret til Galilea for flere hundreår siden. Bulos har bodd i Norge siden 1981, gift med Margit, fire voksne barn. Deltok på misjonærhelga på Holmavatn 6/2.2016, han snakker hebraisk og arabisk. (På bildet er han sammen med Geir Tore)::

Ei kvinne, Laila, hadde prøvt å komme i kontakt med Gud/Allah, men kom ingen vei, var frustrert og trudde ikkje lenger at Gud fantest. Men ei natt  fekk ho i eit syn sjå Jesus og han sa til henne at dagen etter kl. 12 skulle ein mann , Sadam, komme til henne med ei bok som skulle vise henne kven Gud var. Samme natt hadde pakistaneren Sadam eit liknande syn der Jesus sa at han skulle bringe eit NT til denne for han ukjente kvinna, Laila. Dagen etter spurte han seg fram til henne og møtte henne i døra: Er du Laila? Ja, og då må du vera Sadam, svarte ho og tok imot boka. Slik arbeider Gud.
    Eg tenkte bli muslimmisjonær, men gikk inn i NLM sitt arbeid i 1988, student på Fjelltun bibelskole. Jesus sa "gå ut ..." Men hvor langt må vi gå for å bli misjonærer? De unådde er jo her hos oss i dag! Og misjonskallet gjelder jo både heime og ute. Kva gjer så du for at dei unådde her får høyre om Jesus? Ein muslim hadde vore her i landet i 10 år, men aldri innom noen kristne, alltid oversett, derfor gjekk han til dei som såg han, muslimene. Nå er der i Rogaland 805.000 innvandrere , og barn av innvandrere, frå 222 ulike land! 59% av desse kjem frå land med kristen bakgrunn. Det er fryktelig galt at mange av desse har flykta frå forfølgelse i muslimske land, og så blir plassert mellom fiendtlige muslimer på eit asylmottak i Norge, med fare for sitt eget liv! - Kan ikkje erfarne misjonærer hjelpe til her heime, og sjå til desse, slik Gjertrud gjorde det då IKF vart starta?  Innvandrere, bl.a. Muslimer, som kommer til landet vårt, tror at alle nordmenn er kristne. Men me må fortelle dei at me er kristne! Og gi de kristne innvandrerne eit kall til å bringe evangeliet videre til sine eigne her i landet. IKF ønsker primært å virke gjennom dei allerede eksisterande NLM-forsamlingene. Me må bygge vennskap med dei nye landsmennene våre, be dei inn på kaffe og kaker (ikke middag), hilse på dei, ikkje overse dei. Husk at oftest går religion og kultur i eitt. Norge er eit unntak i så måte. Si at du er ein kristen, fortell enkelt om Jesus og kva han betyr i livet ditt. Husk: ikkje alle innvandrere er muslimer, og ikkje alle muslimer er terrorister. 80% av muslimene har ikkje lest koranen. IKF i Salem/Stavanger har 100 medlemmer frå 22 ulike nasjoner.
   IKF har mange aktiviteter, kurser, etc. Vårt ansvar er å forkynne, så vil DHÅ omvende dei som hører. "Innvendrerstempelet" forsvinner når me blir kjent med dei nye. Innvandrerne er ikkje noe problem, ta det som eit utfordring. Bulos sin gamle bestemor på 88 hadde sagt at ho skulle vera evangelist, det trudde ikkje gutten. Kom og sjå, sa ho. Så gjekk ho ut og satte seg på ein stein ved veikanten. Da ein mann gjekk forbi, virka ho på han. For å ære denne gamle kom mannen borttil: "Kva kan eg gjere for deg, gamlemor?" Sa han. "Du kan hjelpe meg ved å lese litt her i boka mi, eg greier det ikkje sjøl" "men dette er jo ein bibel, eg kan ikkje lese den fordi eg er muslim!" " Du skal ikkje lese den for deg, men for meg, les litt her". sa ho og viste han det avsnittet ho hadde lagt merke ved, frå Joh.14. Mannen las, og vart interessert. "Kan eg få låne denne boka di litt?" Spurte han. "Nei, denne skal du få av meg, så kan du lese den videre," svarte ho og mannen  tok imot NT av henne. - Du trenger ikkje vera språkmektig, det er nok med eit smil og ei hjelpande hand.