grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

24 februar 2016

Lokalforsamlingen først, så kyrkjesamfunnet!

Lokal forsamling, NLM-trossamfunn, og lærestriden i Dnk.
Bladet INNSYN 1-2/2015, utgitt av Fjellhaug Internasjonale Høgskole (FiH), kom nettopp ut med ei grundig analyse av forholdet Dnk/NLM, skrevet av professor ved FiH, Arne Redse.
Han understreker at alle som tilhører Dnk, er egentlig registrerte som medlemmer av ein lokal Dnk-menighet. Har vi grunner for å melde oss ut av Dnk, er det naturlige alternativet å melde oss inn i ei anna lokal forsamling. Dei fleste i NLM er jo nettopp medlemmer i sitt lokale misjonslag (misjonsforsamling), fordi det er der dei er aktive som kristne. Det er forøvrig fullt mulig å vera passive medlemmer i Dnk og samtidig aktive medlemmer i eit lokalt NLM-misjonslag. Ei lokal forsamling er bibelsk nødvendig som ein åndelig heim for kristne, men ei sammenslutning av forsamlinger til ei kyrkje eller eit trossamfunn er å rekne som eit adiforon fordi noe slikt er ikkje omtalt i Bibelen. NLM er i virkeligheten eit slikt kyrkjesamfunn (trossamfunn) fordi organisasjonen ivaretar fleire oppgaver for sine ulike misjonsfellesskap: Godkjenning av forsamlingsledere, felles ordninger ved bruk av sakramentene, diakonale tenester og misjonsarbeid i utland, m.m. Fleire organisasjoner bør kunne samarbeide i etableringa av lokale bedehusforsamlinger. Det nyetablerte "NLM trossamfunn" kan skaffe NLM noen tilbakebetale kyrkjeskattpenger, men har ellers ingen funksjon. Det hadde faktisk vore meir naturlig om alle NLM-misjonsfellesskap (misjonslag og misjonsforsamlinger) registrerte sine medlemmer, og så overførte desse medlemslistene til eit sentralt register i NLM Norge. Det viktigste er nå likevel at NLM ser det som sitt ansvar å tilby fleire forsamlingslause NLM-venner ei forsamling å gå i, med alle kjenneteikn ei slik forsamling bør ha. (Sterkt forkorta av Tobias Salmelid, som er einig i denne utgreiinga.)