grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

29 juli 2016

Besøk av oss og til oss

Onsdag 27/7 var me på besøk til Grete og Even Salmelid Olsen på Øya, der dei held på å totalfornya eit eldre hus. Me fekk feira 54-årsdagen til Bent, som hadde kome frå Lørenskog med Ellen og Aurora. Lars og Eva Olsen var sjølsagt med.
Aurora, Grete og Even i framtidig loftsstue
Så hadde me fin og travel dag på Gjenbruk i Kvinesdal, med eit salg på over kr 16.000.
   Ein ny dag full av skyer og regn på fredag. Om ettermiddagen kom Holger og Valfrid Kjølvik innom til kaffe. Eit svært hyggelig besøk, og ein god prat.
   Lørdag er det "laksefestival" i Flekkefjord, dei har holdt på med det i 25 år, og me er gjerne med på livet, i butikker og folkehavet. Det ustadige været ga oss både regn og sol. Butikkene hadde salg over alt, og laksemiddagen i gågata smakte godt.