grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

06 juni 2016

Etter kjempefint årsmøte: Min stille uke

Solskinn, praktisk og flott opplegg ute og inne, 1000-1500 aktive misjonsvenner var på årsmøtet for NLM Region Sørvest, på Ålgård, denne helga 4-5.juni. Rapportene var gjort ferdige, opplest og godkjent. Ein stor strategiplan for arbeidet 2017-20 vart gjennomgått, den skal videre ut til dei 9 områdene i regionen og implimenterast. Alt var med i strategiplanen, nesten. Eg hadde sett meg ut ei linje på førehand: "Veilede om NLM trossamfunn", eg syntest formuleringa var svært lunken, andre saker i samband med forsamlingsarbeidet starta nemlig med "prioritere" eller "styrke". Antiklimaks for meg vart da møtelederen annonserte at dei skulle ikkje snakke om forholdet Dnk/NLM i det heile tatt, det emnet skulle bli tatt opp til drøfting på eit seinare tidspunkt,  i september. Dette var ei sak som avisene var opptatt av, og som låg meg på hjerte. Skulle me melde oss ut av Dnk nå? Eg følte ai sak som Generalforsamlinga 2015 hadde fått gjennomslag for med over 500 stemmer, nå vart ignorert av regionen, nemlig "NLM trussamfunn". - Men ellers var opplegget for årsmøtet svært oppbyggelig, interessant og godt, med høgdepunkt i misjonærinnvielsen (Preben Solvang til Bolivia) og markeringa av NLMs 125-års-jubileum.
Nå går eg inn i årets "stille uke" for min del, eg har nemlig sendt høreapparatene inn til service, og satt meg utenfor det Bjørg og eg skulle hatt sammen: Musikklagstur til Homma i kveld, misjonsmøte tirsdag, og gjenbruksarbeidet torsdag. Men for meg vart det betre å sitte heime uten å vera med, enn å vera med på eit opplegg der eg likevel vart utenfor...