Det er sjelden me tar toget til våre folk, Bent og Ellen, i Lørenskog/Oslo, forrige gang var i august 2014, og nå sist helg, 22-25.april. Det vart ein særs fin tur på alle vis. Ungdommane Ole Tobias og Aurora var blitt studenter og flytta heimantfrå, men kom for å treffe oss.
|
Bent med Bjørg på Opera-taket, havnelageret og Akershus festning i bakgrunnen |
|
Ole Tobias og Aurora |
Bent var guide for oss på ein vel 4 timers lang sightseeingtur både til Opera-taket og Holmenkollen (foto til venstre) og nesten alle stader innimellom. Me kunne ikkje anna enn bli imponert over bygging og fornying i byen, og til Bent som fant fram over alt.
Me vert små på Opera-taket i Bjørvika (under). Bygget var virkelig imponerande
|
Søndag var me på familiesamling i fullsatt Misjonssalen (NLM), med pizza og mange kjente. Svært gildt. Deretter gjekk me sammen med May Britt Garvik heim til henne og fekk middagskvild og kaffe med is og kaker. Litt snø og kald vind, men også mykje sol i hovedstaden. Me er fylt av takk til alle som me møtte på turen vår. |
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home