grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

20 april 2016

Foreningsmandag. Ein mikrofon lager fortvilelse. Tirsdagsbesøk hos Olav og Hildur.



Annenkvar mandag er foreningsdag. Dei ni damene var samla hos Hildur Fjose til eit svært godt måltid og prat, for siste gang på Kråketona siden Olav og Hildur snart flytter til ein omsorgsleilighet i Stavanger. Mannsforeninga var på foreningsrommet på Bedehuset, der eg leda samtalen omkring tekstene for komande søndag, Joh 17, etter at me hadde ete medbrakt nistemat og kaffe. Me var sju samla denne gongen, og fekk eit par timer med samtale omkring det som gjerne blir kalt "Jesu øversteprestlige bønn". Men i B2011-oversettelsen er overskrifta blitt "Jesus ber for alle sine", og den passer mykje betre til teksten. Øversteprestens oppgave var jo tempeltenesten og ofringene der, og ikkje spesielt som forbeder. Jesus ba for alle sine, og då inkluderte han også oss.
  Men då eg skulle sette opp min nødvendige mikrofon til ei slik samtalegruppe, då låg den ikkje i skjurtelomma mi der eg hadde lagt den. Litt forundra måtte eg greie meg uten, og be dei andre om å snakke litt høgere. Men vel heimkommen gjekk undringa over i fortvilelse, mikrofonen låg heller ikkje på stovebordet, heller ikkje på loftet, ikkje under bordet, i lenestolen eg hadde brukt, på soverommet der eg hadde kledd meg litt om. Eg lyste med lommelykta under sengene og ute på tunet, var i kjelleren og så mellom skoene i gangen - heile tida med eit rop til Gud om å finne den igjen. Til foreninga hadde eg sitte på med Gordon, derfor sendte eg melding til han om å sjå etter i bilen, også det var forgjeves. Etter vel ein time kom Bjørg heim med bilen vår, kl. 22.30, og me såg etter i den også siden eg hadde vore der og henta nøklene til Bedehuset før ho kjørte til si forening. Nei, mikrofonen min var og blei borte. Så kom Bjørg på at eg hadde jo tatt ut ein søppelpose med plast frå kjøkkenet før me forlot huset. I full fart for eg ut i søppeldunken og tok inn plastposen som vart tømt på kjøkkenbenken. Og der, under all plasten, låg min dyrebare Roger Pen! Han hadde altså glidd ut or lomma mi då eg luta meg ned for å ta opp posen. Plutselig vart hjerta fylt av takksemd til Han som høyrer bønn! Eg sende melding til Gordon med det samme: "Mikrofonen er funnen att, Gud være takk!" Og svaret frå han var like klart: "Ja, vi kan godt takke Gud mye mer, for han er god!"
 I kveld, tirsdag 19.april, var eg oppe på Kråketona og fekk ein god prat med Olav både om Jesu forbønn og om vedtektene som vart satt opp for Bedehuset i 1992, håpte han huska
noe om det. Olav og Hildur besatte seg i Flekkefjord sommeren 1990. I slutten av månaden skal me ha eit samrådingsmøte om eventuelle søndagsmøter kl. 11 på Bedehuset. Noen meiner at vedtektene forbyr oss å ha møter då siden det er gudstenestetid. Men fleire med meg meiner det er mange grunner til å ha søndagssamlinger nettopp på den tida! Me går uansett ei spennande tid i møte.